Artiklar

Sunnmørsringen

Sunnmørsringen er staden for deg som liker å danse norske folkedansar og har lyst å danse meir. Vi har øvingar på laurdagar ein gong i månaden 11.00-16.00 ulike stader på Sunnmøre.
Her får du både lære nye dansar og holdt ved like «gamle». Vi har gode og engasjerte instruktørarar og spelmenn og ei triveleg matykt.
Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag (SFUL) arrangerer Sunnmørsringen. Prisen er for tida kr 250,- pr.øving.
Øvingane er opne for alle som har litt danseerfaring frå før og som ynskjer å treffe andre dansarar frå Sunnmøre.
Sommaren 2015 deltok ein heil gjeng frå Sunnmørsringen på Nordlek i Viborg i Danmark.neste Nordlesamling er i 2018.


Øvingsdagar vår / haust 2017


Laurdag  11 .februar: Volda Samfunnshus,instruktør Åshild Ytredal Liaskar og spelmann Magnus Skjerdal,arr.Volda UL 
Laurdag    4. mars   : Sykkylven Kulturhus, instruktør Anna Gjendem, arr. Sykkylven UL
Laurdag     1. april   : Stordal , arr. Stordal folkedansgruppe
Laurdag   september:
Laurdag   oktober:
Laurdag   november:  


 Sunnmørsringøving på Samhald i Barstadvik laurdag 20.februar 2016

barstadvik 20.2.16 3

 

Danseglede og gode instruktørar, her er Åshild Ytredal Liaskar i sving.

 

barstadvik 20.2.16

 

Litt nytt lærer ein kvar gong.......

 

barstadvik 20.2.16 2

 

Spelmann denne øvinga var Magnus Skjerdal, Åsmund Egseth hjelpte godt til i fint samspel.

Det var også ei hyggeleg matykt og vel fortent pause midt på dag.

Fekk du lyst til å danse ? Og vil du ha melding om øvingane til Sunnmørsringen på e-post? - send ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.