Aktivitetsprisen

aktivitetsprisen 2015

Aktivitetsprisen for 2015


Aktivitetsprisen for 2015 gjekk til Åshild Ytredal Liaskar for henna mangeårige engasjement for folkedans og bunadsarbeid. Prisen på kr 10.000,- samt diplom og blomar vart overrakt på SFU sitt årsmøte 12.mars 2016.

 


 

Aktivitetsprisen for 2014.

Aktivitetsprisn for 2014 gjekk til Ann Kristin Aaland , Fiskå UL for henna engasjement for unge folkedansara.Prisen på kr 10.000, og blomster vart overrekt av styreleiar Janne Kvamme,det fyljer diplom som synleg bevis med prisen.


Aktivitetsprisen for 2013

Aktivitetsprisen for 2013 gjekk til teaterleiarane i UL Fram, Rogne for ein formidabel innsats i eit dyktig teaterlag.

 

Aktivitetsprisen for 2012

Aktivitetsprisen for 2012 gjekk til Kåre Gausnes. Kåre Gausnes har i ein mannsalder vore instruktør og spelemann rundt om i ungdomslaga på Sunnmøre. Kåre er entusiastisk, kunnskapsrik og syner ekte danseglede. Prisen vart delt ut av styreleiar Janne Kvamme på årsmøtet i SfU i Sykkylven.

 

Aktivitetsprisen 2011 gjekk til Ørsta Ungdomslag

 

Kvart år deler SFU ut Aktivitetsprisen til eit lag eller ein person som har utmerka seg med eit særs godt arbeid for barn og ungdom i samsvar med Noregs Ungdomslag og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag si målsetjing. 

I år var det Ørsta Ungdomslag som fekk Aktivitetsprisen 2011. Prisen er på 10 000 kr og ein diplom.

Laget fekk Aktivitetsprisen 2011 for godt lagsarbeid med stor satsing på barn og ungdom.

 

Aktivitetsprisen 2011 1024x768