Jul på Sunnmøre

Salgsannonse JpS-page-001

Jul på Sunnmøre 2017 

Bladet er no å få kjøpt hjå ungdomslaga på Sunnmøre,frå siste veka i november i bokhandlar og andre utsalsstader både på Sunnmøre og elles i landet. Ynskjer du å få årets utgåve av Jul på Sunnmøre i posten, kan du kontakte SfU.

 Jul på Sunnmøre er ute med den 51. årgangen. Bladet er i år på 72 sider, og har 22 artiklar i tillegg til mange fotografi og illustrasjonar. Framsida er eit svensk julekort av teiknaren Stina Broom (og utlånt av Jostein O. Mo). Julepreika er i år skriven av Kristian Myklebust som er sokneprest i Volda og Dalsfjord.
 
Kjetil Tandstad har eit intervju med Anne-Britt Hjortdal frå Sykkylven som fekk Aktivitetsprisen for arbeidet med folkedans både i heimbygda og i Ålesund. Sigrun Rogne skriv om adventstjerna på Rogne, og Åshild Ullaland frå Austefjorden skildrar oldemora Anne Petrine som vart 109 år.
 
Ingvild Runde vitjar Roar Steinnes, rosemålaren frå Lid i Volda. Harald Grimstad (frå Haddal) sin artikkel har tittelen Den milde berginga. Med utgangspunkt i ei barnebok av Ragnvald Vaage har han skrive songen No luter blom på enger, og med er også eit mannskorarrangement av Arnljot Grimstad. Heidi Brunstad-Øyehaug fortel om Sunnmørsonklane til Hanna Winsnes – ei gåverik slekt. Hanna Winsnes hadde sterke røter til Borgund prestegard.
 Egil Røssaak frå Ålesund tek føre seg Den menneskelege sida av filatelien, om mange interessante personar og møte gjennom å samle på frimerke. Cecilie Dahle Torbjørnson har ein interessant samtale med Elna Leiten frå Fiskå i Vanylven. Gunnar Ellingsen fortel om Eit muntert krigsminne: Svanekolonien i Ørsta. Etter Bjarne Strand er artikkelen Då huldra kom heim i stova. Eivind Hasle skriv m.a. om ein særskilt episode under 30-årskrigen, og om byen der det hende, Dinkelsbyhl i Sør-Tyskland.
 
Leikny Aasen frå Ålesund fortel om prosjektet Grenselaus i ungdomslaget Ivar Aasen. Etter Asbjørn Øye er prenta Til Geiranger sommaren 1922, då ungdomar frå Follestaddalen tok seg ein tur i nokre dagar. Per Arne Grebstad frå Sykkylven skriv om Brudahusa i Syndalen. Line Iversen, konservator på Sunnmøre museum fortel om Populære kurs i brun mannsbunad. Sveinung Walseth har samtale med Bergljot Sandvik – Hovdebygda si eiga revydronning.
 
Randi Aarønes skriv om oppussinga av Fiskå ungdomshus. Marianne Fivelstad og Fredrik Stadheim  har reportasje frå Sunnmørsstemnet for born på Hellesylt no i september. Kaare Worren fortel om Sandsøy frilynde ungdomslag som har feira 125 år, og André Løset frå aktiviteten i Bjørkedal frilynde ungdomslag. Til slutt er Arnljot Grimstad med ei av sine Stratis P. Banis-soger. Jul på Sunnmøre har i år eit breitt og variert innhald.
 
Det er Sunnmøre frilynde ungdomssamlag som er utgjevar av Jul på Sunnmøre. Desse utgjer redaksjonen: Roar Rønning  (ansv.), Cecilie Dahle Torbjørnson, Heidi Brunstad-Øyehaug og Berit Solhjem. Kjell Rune Klubbenes i Ørsta står for montasjen, og Printing AS for trykkinga.

 


Jul på Sunnmøre 2016 med 50. årgangen
 
Jul på Sunnmøre er no i handelen med den 50. årgangen. Bladet er i år på 64 sider. Som vanleg er det eit breitt og variert innhald. Artiklane er godt illustrerte.
Framsida er frå Hopeigna på Fiskå i Vanylven. Fotograf er Vidar Parr.
Eli Leine Sæter, som er prest i Vanylven, har skrive julepreika.
Av innhaldet elles kan nemnast at ein artikkel om Gamle juleskikkar på Sunnmøre av Ivar Grøvik er teke med frå den første årgangen i 1967.
Egil Røssaak frå Ålesund skriv i artikkelen Krig, omskiftingar og menneskelagnader, om guten Vladimir frå Tsjekkoslovakia. Han budde sommaren 1946 hos huslyden Røssaak, og fekk til liks med mange andre tsjekkiske born eit kjært og godt opphald i Noreg i nokre månader.
Berit Klepp skriv: - men selindustrien var ikkje daud -, om verksemda Polargodt og gründaren Arnfinn Karlsen i Tjørvåg. Cecilie Dahle Torbjørnson har intervjua Åshild Ytredal Liaskar – Ein verdig vinnar av Aktivitetsprisen.
Harald Grimstad frå Haddal har tonesett diktet No luter blom av Ragnvald Vaage.
Ingvild Runde har intervjua Ahmed Naijn Biabani frå Afghanistan. Han kom til Ørsta som flyktning i 1999. No er han utdanna som lege, og arbeider som turnuskandidat ved sjukehuset i Volda.
Ingvild Runde har også intervjua Annlaug Stokke på Lid i Volda under tittelen Pilefletting til nytte og glede.
Olav Gullvåg – redaktør i Søndmøre Folkeblad 1912 er tittelen på artikkelen til Eivind Hasle. Her er også med minne, som Olav Gullvåg har skrive sjølv frå tida i Ålesund.
Karl Kristian Langeland frå Hellesylt har med Eit lite stort juleeventyr.
Beitande kulturhistorie er tittelen på artikkelen til John Roald Pettersen. Han skriv om vestlandsk fjordfe med utgangspunkt i drifta på garden til Gunhild Øigarden og Nils Sigurd Drabløs i Velledalen.
Borgny Helland frå Vatne minnest Småfly på Vatnevatnet for 69 år sidan.
Sigrun Rogne skriv om Sunnmørsstemnet for born 2016.
Wergeland + Fosse = sant, seier Enok Kippersund frå Bjørke i ein artikkel.
Heidi Brunstad-Øyehaug har intervjua Artur Sørheim frå Ørsta om arbeidstenesta under krigen under tittelen Høgre om og giv akt! Marsjerande med stikkspade på landevegen.
Leiv Arne Grimstad frå Hareid skriv om Den nye englandsfarten, om ein fotballtur til England saman med gode kameratar.
Sunnmøre frilynde ungdomssamlag er utgjevar av Jul på Sunnmøre. Desse har i år vore med i redaksjonen: Roar Rønning (ansv.), Cecilie Dahle Torbjørnson, Heidi Brunstad-Øyehaug og Berit Solhjem. Pauline Masdal har gjort illustrasjonar. Montasjen er gjort av Møre-Nytt AS, og prentearbeidet er gjennom Printing AS. 

 


 Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag gjev kvart år ut juleheftet "Jul på Sunnmøre". Her finn du ei rekkje spanade historier og artiklar henta frå nær og fjern sunnmørsk fortid så vel som aktivitetar ungdomslaga på Sunnmøre driv no. Fleire bokhandlarar og daglegvarebutikkar på Sunnmøre sel bladet. Du kan også bestille bladet frå Skrivarstova. Vi har også gamle utgåver av bladet.Ta kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf. 70067330 / 47911344.