Storkurs


Storkurs 4.februar 2017 i Bjørkedal
Organisasjonsopplæring
Swingkurs
Barneinstruktørkurs


Storkurs i Bjørkedalen 4. februar 2017 Laurdag 4.februar Kursstart  kl. 10.00 Kursslutt  kl. 18.00  
 
                
Alle kursa går denne laurdagen og det vert servert lunsj.
 
Pris Kr 400-  for medlemar i Noregs Ungdomslag / lokallaga på Sunnmøre Kr 500,-  for dei som ikkje er medlemar
 
Påmeldingsfrist: 22.januar.
 
 
Kursa Barneinstruktør dans
 
På dette dagskurset lærer du øvingar, dansar og leikar som passar for barnegruppa i laget ditt. Øvingane er henta frå folkedans, kreativ dans og teaterleik.  Kurset passar deg som er på jakt etter ny inspirasjon og treng påfyll av øvingar. Kurset passar for deg som er instruktør i laget ditt, eller har tenkt å bli instruktør.
 
Halldis Folkedal arbeider som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag. Ho er utdanna dansevitar og har i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning i dans. Halldis har mellom anna erfaring frå å undervisa i grunnskulen, på kulturskular, på vidaregåande, i tillegg til ungdomslag sjølvsagt..
 
Aldersgrense 14 år.
 
Organisasjonskurs
 
Her får du kjennskap til Noreg Ungdomslag som organisasjon. Korleis drive eit ungdomslag? Styrearbeid, vedtektene sin funksjon og verdi.  Medlems-og administrasjonssystemet Hypersys – bruk og nytte.  Ulike tilskotsordningar ditt ungdomslag kan gjere seg nytte av. Det ideelle kurset for nye tillitsvalde, andre som har lyst på påfyll og vil lære meir om organisasjonsarbeid i NU. Kursleiar er  Alf Steinar Nekstad som er organisasjonskonsulent i Noregs Ungdomslag.
 
Aldersgrense 14 år.
 
Swingkurs
 
Dette vil være et nybyrjarkurs med grunnleggande opplæring i swing der ein lærer trinn og kombinasjonar som ein etter kvart kan bruke i dei fleste variantar av swing. 
 
Dette er  dansekunnskap som passar for alle, uansett alder! Avgrensa plassar.
 
Kursleiar er  Yngve Vadstein frå Volda
 
Aldersgrense 14 år.
 
Har du spørsmål om kursa eller ynskjer å melde deg på, kontakt Berit Solhjem i SFU på post


Storkurset 2017 vart svært godt gjennomført med 24 deltakarar,takk til Bjørkedal UL som var teknisk arrangør!

 


 

Storkurs 2016 vart avlyst grunna for lite påmelding.

 


 

Storkurs 2015 vart avlyst grunna for lite påmelding.


 


 

Storkurs 2014

Laurdag 25. oktober kursstart kl 11.00

Kursslutt kl 16.00 organisasjonskurs / hip hop

  kl 17.00 barneinstruktørkurs

 

Sundag 26. oktober kursstart kl 10.00

Kursslutt kl 15 organisasjonskurs / hip hop

               kl 16 barneinstruktørkurs

 

Alle kursa går over to dagar.

 

Pris

900 kr for medlemar i Noregs Ungdomslag/ lokallaga på Sunnmøre

1200 kr for dei som ikkje er medlemar

250 kr for helgasamling for ungdom som er med i NU/ 300 for ikkjemedlemar (inkludert valfritt  kurs)

 

Påmeldingsfrist: 15. oktober.

 

Laurdag til søndag arrangerer Ørsta UL helgasamling for ungdom frå 10 år med overnatting, slik at du kan vere med på eit av kursa, treffe andre ungdomar frå Sunnmøre og ha ei kjekke helg. Helgasamlinga inneber overnatting, kveldsmat og frukost. Alt under stødig leiing av Ørsta UL. Me håper dette kan verte starten på helgasamlingar for ungdom i ungdomslaga på Sunmmøre.

 

Kursa

Nybegynnarkurs i hip hop

På dette kurset vil du få ei grunnleggande innføring i dansestilen hip hop. Vi vil jobbe med grunnleggande trinn, rørsler, koordinasjon, stil, musikalitet og rytme, samt lære ein koreografi. Vi dansar til variert musikk, og har fokus på danseglede.

 

Instruktør er Felicia Goll-Rasmussen som er utdanna dansar og dansepedagog ved Norges Dansehøyskole i Oslo, med fordjuping i jazzdans. Ho er pedagog ved Ørsta og Volda Ballettskule.

 

Aldersgrense 10 år.

Organisasjonskurs

Her får du kjennskap til Noreg Ungdomslag som organisasjon. Korleis drive eit ungdomslag? Styrearbeid, vedtektene sin funksjon og verdi. Medlems-og administrasjonssystemet Hypersys – bruk og nytte. Ulike tilskotsordningar ditt ungdomslag kan gjere deg nytte av.-Det ideelle kurset for nye tillitsvalde, andre som har lyst på påfyll og vil lære meir om organisasjonsarbeid i NU.

Kursleiar er Alf Steinar Nekstad som er organisasjonskonsulent i Noregs Ungdomslag.

 

Aldersgrense 14 år.

Kurs i barneinstruksjon

Kurset er eit praktisk dansekurs, her lærer du ulike dansar for barn og lure måtar å læra det vekk på. Sunnmøre har mange aktive barnegrupper med dyktige instruktørar og me ser på dette kurset som ei nyttig inspirasjonskjelde både for dei røynde instruktørane, dei som nett har byrja å instruere og dei som har lyst å prøve.

Kurshaldar Anna Gjendem har bachelor i utøvande tradisjonsdans og master i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Anna arbeider i dag som utøvande profesjonell folkedansar, og er dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal. Ho underviser mellom anna i Den kulturelle skulesekken.

Aldersgrense 13 år.


Har du spørsmål om kursa eller ynskjer å melde deg på, kontakt Cecilie Rørstad i SFU på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. "> Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller telefon 47911344. Har du spørsmål om ungdomssamlinga kontakt Annette Vatne på telefon 91109822 eller Jeanette Viken på telefon 91591149 i Ørsta UL.


 


 

Storkurs 2013

 

2. og 3. november var det igjen storkurs i Ørsta. Då vart det igjen hallingkurs med Anders Aasberg.

6. og 7. april var vårens storkurs i Ørsta. Kursprogrammet bestod av Grunnleggande instruktørkurs, folkedans med instruktør Live Karin Liaskar og Lausdans for barn og unge med instruktør Anders Aasberg.


 

Storkurs 2012

17. mars 2012 var det storkurs i Ørsta.

Totalt var der 37 deltakarar på kursa.

Tjue av desse var born som deltok på Hip Hop kurset. 

 

img 4763