Lov for Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag

Vedteken på årsmøtet 14.03.2015 justert etter Landsmøtevedtak 24.april 2016

§1 Føremål

1. Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag skal arbeide for å styrke den frilynte ungdomsrørsla på Sunnmøre i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.

2. Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag skal vere bindelekk mellom laga og mellom laga og Noregs Ungdomslag. Særleg skal fylkeslaget ha ansvar for å fremje felles kulturelle og økonomiske føremål, skipe nye lag, ha ansvar for utdanninga av leiarar/instruktørar og kome med nye tilbod til medlemmene gjennom laga.


§2 Medlemskap og årskontingent

1. Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag er medlemslag i Noregs Ungdomslag og godkjenner lova og føresegnene til landslaget.

2. Alle lokallag på Sunnmøre som vil arbeide i samsvar med føremålet til Noregs Ungdomslag og som har lover som er godkjende av fylkeslaget kan bli medlemslag i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og Noregs Ungdomslag.

3. Lokallaga betaler medlemskontingent etter satsar fastsett av årsmøtet i fylkeslaget.


§3 Årsrapportering

1. Arbeidet i fylkeslaget bør følgje kalenderåret.

2. Fylkeslaget melder inn nyvalde tillitsfolk til Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i fylkeslaget er halde.

3. Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag sender årsmelding og årsrekneskap til Noregs Ungdomslag kvart år innan 1. april.


§4 Årsmøtet.

1. Innkalling

Styret i fylkeslaget kallar inn til ordinært årsmøte. Årsmøtet skal haldast kvart år innan 31. mars. Innkalling og førebels sakliste sendast skriftleg til lokallaga minst 2 månader på førehand.

Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av lokallaga krev det.

Fristen for utsending av endeleg sakliste og sakspapir er 4 veker før årsmøtet.

2. Saker

Årsmøtet skal kvart år handsame årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett, kontingent, og andre saker som styret legg fram for det. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling.

Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer til styret. I tillegg vel årsmøtet revisorar, valnemnd på 3 medlemmer og dei nemnder og andre tillitsvalde som til kvar tid er nødvendig.

Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje nemnder.

Leiaren blir valt særskilt for eitt år om gongen, styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år om gongen.

Årsmøtet vel utsendingar til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Årsmøtet kan gi styret fullmakt til å velje utsendingar.

Lokallag og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i fylkeslaget seinast 6 veker før årsmøtet.

3. Utsendingar

Lokallag som har levert årsrapport for føregåande år, og betalt årspengar for foregåande år for minst 5 medlemmer over 14 år, har rett til utsendingar.

Lokallag med inntil 50 medlemmer har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending i tillegg for kvar nye påbyrja 50 medlemmer. Eit lag kan ikkje ha meir enn 10 utsendingar.

Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet i laget eller eit medlemsmøte.

4. Gjennomføring av møtet

Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrarar, referentar og 2 protokollunderskrivarar.

Det skal førast protokoll frå årsmøtet som skal underskrivast av dei to som blir valde av årsmøtet til dette.

For drøftingane, val og avrøystingar gjeld dei same reglane som for landsmøtet i Noregs Ungdomslag.


§5 Styret.

1. Styret vel seg i mellom nestleiar, kasserar, skrivar og andre etter det som er aktuelt for fylkeslaget.

2. Styret har ansvaret for at arbeidet i fylkeslaget blir drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av årsmøtet. Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av fylkeslaget, og det overordna ansvaret for arbeidet i nemnder og særgreiner.

Styret har ansvar for at fylkeslaget utfører dei oppgåvene ein er pålagt av landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

3. Styret skal drive fylkeslaget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett.

Løyvingar/vedtak om investeringar over kr 50.000, og opptak av lån med pant i laget sin eigedom, skal godkjennast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Det same gjeld større investeringar og låneopptak i lagsbruk som er skilde ut som sjølvstendige selskap.

Styret kan gje fullmakt til leiar/og eller kasserar til disponering av konto. Alle styremedlemmene skal skrive under denne fullmakta. Langsiktige bindande avtalar skal skrivast under av alle styremedlemmene.

4. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades og røystar.

5. Styret skal føre protokoll for styremøte og andre møte i fylkeslaget.

6. Styret skal sørgje for å kalle inn til årsmøte i eit lokallag, dersom det har gått eitt år ut over den tida då lokallaget hadde plikt til å halde årsmøte i samsvar med si eiga lov.


§6 Utmeldingar, skifte av føremål og nedlegging

1. Dersom fylkeslaget ønskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må dette vedtakast på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom og med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.

2. Dersom fylkeslaget 2 år etter kvarandre ikkje har levert årsmelding og rekneskap etter §3.3. skal fylkeslaget bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurdert.

3. Dersom fylkeslaget 3 år etter kvarandre ikkje har levert årsmelding og rekneskap etter §3.3. skal fylkeslaget reknast som nedlagd.

4. Dersom fylkeslaget bryt lova til Noregs Ungdomslag og ikkje vil rette seg etter lovleg påbod frå styret og landsmøtet, skal fylkeslaget seiast å ha skifta føremål, slik at det ikkje lenger kan vere medlem i Noregs Ungdomslag.

5. Saker i samband med denne paragrafen, kan ankast av det laget saka gjeld til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet tek då endeleg avgjerd.


§7 Målbruk

Tillitsvalde, tilsette og lokallag i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag pliktar å verne om nynorsk og dialektar i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.


§8 Trygging av eiga.
1. Avhending av ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedomskal ha samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.
2. Blir fylkeslaget lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue etter dette skal blir nytta til beste for lokallaga som er tilknytt fylkeslaget. Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga. Enkeltmedlemmer i fylkeslaget eller lokallaga har ikkje krav på medel eller delar av desse. 

 

§9 Ymse

Lov og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i fylkeslaga eller organisasjonen generelt gjeld for Sunnmøre Frilynde ungdomssamlag.


§10 Lovendring.

1. Framlegg til endringar i lova må sendast skriftleg til styret i fylkeslaget seinast 3 månader før årsmøtet.

2. Lovendringsframlegg må kunngjerast for lokallaga minst ein månad før årsmøtet. Årsmøtet må då vedta framlegget med 2/3 fleirtal.

3. Endringar i lova skal godkjennast av styret i Noregs Ungdomslag.



Retningsliner for Aktivitetsprisen og prosjektmidlar finn de her: