Sunnmørsringen

Sunnmørsringen er staden for deg som liker å danse norske folkedansar og har lyst å danse meir. Vi har øvingar på laurdagar ein gong i månaden 11.00-16.00 ulike stader på Sunnmøre.
Her får du både lære nye dansar og holdt ved like «gamle». Vi har gode og engasjerte instruktørarar og spelmenn og ei triveleg matykt.
Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag (SFUL) arrangerer Sunnmørsringen. Prisen er for tida kr 250,- pr.øving.
Øvingane er opne for alle som har litt danseerfaring frå før og som ynskjer å treffe andre dansarar frå Sunnmøre.
Sommaren 2015 deltok ein heil gjeng frå Sunnmørsringen på Nordlek i Viborg i Danmark.
Neste Nordleksamling er i Falun  http://nordlek2018.se/ 10.-15.juli 2018 og medlemmar av Sunnmørsringen har tenkt seg på tur og har starta planlegginga. Samdansprogrammet finn de her:http://nordlek2018.se/sv/samdanser/


Øvingsdagar vår / haust 2017


Laurdag  11 .februar: Volda Samfunnshus,instruktør Åshild Ytredal Liaskar og spelmann Magnus Skjerdal,arr.Volda UL 
Laurdag    4. mars   : Sykkylven Kulturhus, instruktør Anna Gjendem, arr. Sykkylven UL
Laurdag     1. april   : Stordal , arr. Stordal folkedansgruppe
Laurdag   30.september: Sykkylven Kulturhus. arr.Sykkylven UL. Instr. Kåre Gausnes
Laurdag   21.oktober: Mork Ungdomshus arr. Volda UL inst. Kåre Gausnes, spelmann Magnus Skjerdal.
Laurdag   11.november:  Stordal Grendahus,arr. Stordal Gamaldansgruppe. instr. Ola Gram 


 Sunnmørsringøving på Samhald i Barstadvik laurdag 20.februar 2016

barstadvik 20.2.16 3

 

Danseglede og gode instruktørar, her er Åshild Ytredal Liaskar i sving.

 

barstadvik 20.2.16

 

Litt nytt lærer ein kvar gong.......

 

barstadvik 20.2.16 2

 

Spelmann denne øvinga var Magnus Skjerdal, Åsmund Egseth hjelpte godt til i fint samspel.

Det var også ei hyggeleg matykt og vel fortent pause midt på dag.

Fekk du lyst til å danse ? Og vil du ha melding om øvingane til Sunnmørsringen på e-post? - send ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.