Sunnmørsstemna for barn

  Barnestemne

 

 

img 3813

                        Frå Barnestemnet 2011 på Hellesylt


Barnestemne på Sunnmøre  vert i 2017 på Hellesylt 22. til 24.september. 



Barnestemnet 2016 på Haramsøya.
 

Helga 16. – 18. september tok Barnestemnet seg ein tur ut på øyane i Haram, til UL Fram og Framtun i flott seinsommarver. Og mange tok turen, knappe 90 unge frå «fastlandet» og heile 55 frå arrangørlaget. Så kvart bordsete vart dekke til heile 200 sjeler!
Vikingar 2016Barnestemne 2016 teaterBarnestemne 2016 dans

 

 


 

Barnestemnet 2015 i Ørsta

I helga 5.-7.juni 2015 var rundt 170 barn frå heile Sunnmøre og heilt frå Skogn samla til kjekke dagar på barnestemne som Ørsta UL og SFU hadde invitert til. Mykje dans og moro til glede både for deltakarane ,reisefølge og publikum.

img 1310 1     img 1301    img 1307


Barnestemne 2014 på Vatne

 

19.-21. september inviterte Vatne Ungdomslag og SfU til Barnestemne på Vatne. Over 150 born frå heile Sunnmøre deltok på stemnet. 


 

Barnestemne 2013 på Fiskå

Barnestemnet 2013 var på Fiskå i regi av Fiskå UL 20.-22. september. Me takkar Fiskå UL for eit flott Barnestemne og ynskjer Vatne UL lukke til som arrangør av Barnestemnet 2014.


Barnestemne 2012 i Sykkylven

Barnestemnet 2012 vart arrangert 14.-16. september i Sykkylven av Sykkylven U.L. Omlag 100 barn frå barnegruppene til Sykkylven, Hellesylt, Ørsta, Volda, Vatne, Fiskå og Fram U.L deltok på det flotte arrangementet.