Ungdomshus

Ungdomshus
- vedlikehald - drift - forsikring -

 
Norske kulturbygg (tidlegare Norske Lagsbruk) er ein paraplyorganisasjon for alle ungdomslaga som er medlemar i Noregs Ungdomslag, utan ekstra kostnader.

Her kan medlemslaga få råd og rettleiing og søkje om økonomisk støtte frå Norske Lagsbruk dersom ein har planar om oppussing eller utbygging av ungdomshuset.

Anders Slaatsveen er dagleg leiar i Norske kulturbygg. Det har dei siste åra vore arbeidd mykje med å registrere ungdomshusa på Sunnmøre. Berre nokre få hus står att før samlinga er komplett med besøksrunde. Husa er og godt dokumentert med rapportar og bilete.
 
Innkjøpsavtale med KNIF
Norske kulturbygg er tilknytta Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap (KNIF). Avtalen er på plass for alle lagsbruk og ungdomslag i NU som har hus.

På nettsidene www.knif.no finn de alle produkt og vilkår, eller de kan ta kontakt direkte med KNIF, tlf: 23 10 37 47. De kan då vise til avtale med Norsk senter for rusfri miljøutvikling, som Norske kulturbygg er ein del av. Forsikring er særskilt aktuelt, men det er og mange andre gode avtaler som ein kan gå inn på.
 
Treng laget ditt råd og rettleiing i samband med ungdomshuset eller grendahuset, så ta kontakt med Norske kulturbygg. Sjå og heimesidene til Norske kulturbygg: www.lagsbruk.no

Du kan og ta kontakt direkte på e-post med dagleg leiar Anders Slaatsveen.
Adresser/ tlf.nr.:

Norske kulturbygg
(tidl. Norske Lagsbruk), Torggata 1, 0181 Oslo.
Heimeside: www.kulturbygget.no
epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. "> Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

tlf.
90 20 66 58
 

Tilskotsordningar for ungdomslag